Familiedugnad!


Laurdag 22. april var det klart for familiedugnad på Solbakken. Det er første gang dugnad med ungar i sentrum har blitt arrangert, og det viste seg å vera veldig populært. Heile 20 familiar stilte opp og til saman utgjorde både ungar, foreldre og besteforeldre mange arbeidshender som var klare for innsats.

Først på programmet stod beiteslepp av sauer og lam. Då sauene og lamma var vel ute på beite var det klart for at familiane blei delte i to grupper.

Den eine gruppa fekk vera i sauehuset og kosa med lamma, medan den andre gruppa gjekk til urtehagen og sådde frø. Sukkererter, graskar-, mais- og squashfrø vart putta i jord og sette i drivhus-tunellen.

Før gruppene bytta plass var det duka for felles lunsj med fyr i bålpanna, grilling og sosialisering. Ein liten pause gjorde godt for både folk og lam.

Familiedugnaden vart stor suksess og skal absolutt gjentakast!

Med nyfødde lam, barnevenlege oppgåver og fleire generasjonar til stades blei det ein ekstra hyggjeleg tur til Solbakken denne dagen!

Takk til Bodil for vel organisert og tilrettelagt dugnad!


Featured Posts
Posts are coming soon
Stay tuned...
Recent Posts
Archive
Search By Tags
No tags yet.
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square