Klar for gode dagar på Solbakken

April 3, 2018

Det duftar nydeleg av grønsaksuppe frå kjøkkenet til Sananda. Fargerik og smakfull suppe er berre litt av det ho tryllar fram frå grønsakene på Raustein.

Medan Sananda Ingereidun Beyher ventar på at jorda skal bli groklar på Solbakken Andelsgard, nyt ho nemleg framleis fjorårets avling frå andelsgarden, som ligg på Raustein i Randaberg kommune.

 

"Det er ei sann glede å ha kontakt med naturen og jorda på den måten vi får på Solbakken. Eg blir tilfreds av å kunne hente giftfrie og kortreise grønsaker derifrå kvar veke. I tillegg opplever eg eit fellesskap som gjer godt å delta i. Det gir meining å delta på dugnadar og kunne bidra for deretter å sjå resultata av arbeidet vi gjer" seier Beyher.

 

Beyher har vore andeleigar i Solbakken Andelsgard i to år. Ho har bakgrunns om naturterapeut og ville ikkje vore reisa frå heimen på Tjensvoll til Raustein på Randaberg kvar veke forutan. 

"Eg har alltid hatt stor interesse for mat og matlaging. Å kunne gå rundt i urtehagen på Raustein og hauste av alt som kan brukast som god medisin, er berre herleg. I tillegg til det ernæringsmessige, har eg blitt endå meir miljøbevisst av å vere andelseigar. At maten skal vere rein og kor viktig det er for å få ein sunn kropp.  Eg trur det vil bli endå meir fokus på kva maten vi et inneheld. Å få grønsaker som er økologiske er ein god start for meg" - understrekar Beyher.

 

Ho serverer grønsaksuppe kokt på hønsekraft, og fortel samstundes om kor viktig kollagen frå krafta er for å gi kroppen styrke og god energi.

 

"Når eg har fylt den rosa korga mi med grønsaker, blir dei rensa og vaska før eg legg dei kaldt.  Eg har jusa mykje, kokt, frose eller fermentert. Når det bugnar av jordskokk, kål, løk og gulrøtter er det uendeleg med rettar ein kan lage. Eg wokar gjerne grønsakene og med litt bacon eller chorizopølse blir det eit godt og næringsrikt måltid".

 

Innimellom dugnadar og hausting av grønsaker, tek ho og veninnene gjerne med seg badetøy og kaffi på termos. Det har blitt nokre kveldsbad i solnedgangen på Raustein. "Det er jo ein magisk vakker stad. Eg håper endå fleire får augo opp for både staden og det viktige i kortreist og sjølvdyrka mat. Det gir oss lærdom på mange vis" - avsluttar Beyher.

 

Grønsaksuppe:

 

Kraft frå høns, kokt i ca 5 timar

Ca 1 dl eplecider og eddik

Olje

Ingefær

Løk

Kvitløk

Gurkemeie

Det du har av grønsaker, til dømes: gulrøter, poteter, purre, pastinak, blomkål, sellerirot, gulbeter.

La det koke, ha i salt og pepper. Mos med stavmikser.

 

 

Fargerik te:

 

Hibiskus

Kamomille

Sitronmelisse

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Featured Posts

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload

Recent Posts

April 24, 2018

Please reload

Archive
Please reload

Search By Tags
Please reload

Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square